KVENNJEGUTANE

Centered Image

EIN ANALYSE AV
VÅRSESONGEN 2024 PÅ
QUIZKVERNA

[kvennjegu:tane] substantiv
Samansett substantiv frå sunnmørsdialekta, der "kvennje" kjem av å kverne. Ofte brukt om gutane som deltek på Quizkverna

Gjennom vårsesongen 2024 deltok Kvennjegutane på quiz på Quizkverna, og for kvar quiz noterte dei ned poenga og anna nyttig og unyttig data. Her er ei analyse av gutane sin prestasjon denne sesongen.

Lagsamansetjing og prestasjon over tid

Laget har hatt stabilt oppmøte gjennom heile sesongen, og har faktisk møtt opp til kvar einaste quiz og sikra poeng. Dette er ei forbetring mot førre sesong!

Poeng pr runde

Peter har 100% oppmøte, medan dei andre kjem hakk i hel. Sjølv om laget var plaga med masteroppgåve-innleveringar, reise og familiebesøk, klarte Peter og Østen å skrape ihop eit lite oppmøte til dei to første kategoriane av sesongavslutninga. Dermed har siste runde noko utslag i dataa, så desse er i nokre utrekningar ignorerte. Likevel så sikra dette sikra 100% oppmøte for laget gjennom sesongen!

Oppmøte

Ikkje minst må vi takke dei kjekke innbyttarane vi har hatt denne sesongen, når gutane ikkje har klart å stille fullt lag sjølv. Tusen takk Synnøve, Sara, Charlotte, Amanda og Oda. Utan kvennjetausene hadde ikkje kvennjegutane klart seg ❤️

Sara, Charlotte og Synnøve
Oda
Amanda

Kategoripoeng

Gjennom sesongen har vi fått ymse poeng i kategoriane.

Kategorioeng pr runde

Her ser du ei gjennomsnitts-oppsummering av poenga gjennom sesongen samanlikna med maksimale poeng mogleg i kvar kategori.

Gjennomsnitt
Standardavvik
Kategori 1
6,7
Kategori 2
7,9
Kategori 3
6,8
Kategori 4
10,5
Kategori 5
15,6
Kategori 6
12,6
Kategori 1
2,1
Kategori 2
2,5
Kategori 3
1,5
Kategori 4
4,4
Kategori 5
3,8
Kategori 6
3,8

Som ein kan sjå så ligg vi jamn over ganske midt på poengmessig. Frå standardavvika kan vi sjå at vi er mest konsise i dei første kategoriane – altså konsist litt dårlege… Litt meir spreidning i dei siste kategoriane, men heldigvis er her mykje poeng å hente. Og dette gjer vi periodisk, så desse poenga gjer at vi brukar å klatre litt på tampen av runda.

Lokalisering og seteplassering

Gjennom sesongen har vi også notert ned plassering i lokalet. Når ein ser på lokaliseringsskifta (t.d. ved inngangsdøra mot TTYVEN), kan sjå om det er noko korrelasjon med prestasjon. For eksempel ser runder spelte på TYVEN ut til å gi varierande, men generelt gode, resultat. Er dette potensielt på grunn av eit betre miljø og meir eigna quizmiljø enn Diskoteket? Det skal nemnast at vi ikkje har stor nok samplingsmengde på Diskoteket etter oppussinga.

Relativ rangering

Forholdet mellom plassering og deltakande lag gir oss litt innsikt i kor godt laget gjer det relativt til konkurrentane våre. Ein høgare verdi, ein verdi nærare 1, tyder på dårlegare relativ prestasjon. Vi ser at gutane strekk seg mot 1 heile tida, som tyder på at laga rundt oss generelt er quizkvassare.

Relativ resultats-plassering

Strategiske tiltak til neste sesong

For å heve prestasjonen til Kvennjegutane i komande sesong, er det viktig å fokusere på nokre strategiske tiltak og identifiserte forbetringsområde.

  1. Målretta trening på svake kategoriar
    • Øv meir på dei kategoriane der laget presterer svakast for å sikre fleire poeng tidleg i quizen. Altså… Alle kategoriane.
  2. Optimalisering av seteplassering
    • Finne TYVEN-mojoen på Diskoteket, ettersom at resultata våre på TYVEN var best. Seteplassering har sjølvsagt mykje å seie. Sjå på data.
  3. Betre utnytting av ressursar og personell
    • Fleire innbyttarar tilgjengelege og betre planlegging for kven som stiller, kan sikre at laget alltid stiller sterkt i alle rundar, sjølv ved uforutsette hendingar.
  4. Styrke konkurranseevna
    • Analyser konkurrentane for å matche og overgå deira strategiar og yting på kviss-slagmarka. Lett.

Kanskje eigen merch er det som skal til for å ta oss til toppen av pallen?